Go back


download musicfile

Kråkevisa

Kråkevisa

Og mannen han gjekk seg i veda skog,
- hei fara i veda skog. -
Då sat der ei kråka i lunden og gol.
- Hei fara. Faltu riltu raltura. -

Mannen han tenkte med sjølve seg;
Skal tru no den kråka vil drepa meg?

Og mannen han snudde om hesten sin,
så køyrde han heim att til garden igjen.

Å høyr, du min mann, kva eg spøre deg:
"Kvar vart det av veden du køyrde til meg?"

"Eg køyrde no slett ingen ved til deg,
for kråka ho svor ho sku drepa meg."

"Å no har eg aldri høyrt større skam!
Har du høyrt at ei kråke har drepe ein mann?"

Men kråka kom etter på taket og gol,
og mannen hen opp gjennom ljoren for.

Og mannen han spente sin boge for kne,
så skaut han den kråka, så ho datt ned.

Så spente han føre dei folane ti;
men kråka ho sprengde alle di.

Så spente han føre dei folane tolv,
så køyrde han kråka på låvegolv.

Så flådde han kråka og lema ho sund,
ho vog innpå seksten og tjue pund.

Av skinnet så gjorde han tolv par skor,
det beste paret det gav han til mor.

Og kjøtet han salta i tunner og fat,
og tunga han hadde til julemat.

Av tarmane gjorde han tolv par reip,
og klørne han brukte til møka-greip.

Og nebben han brukte til kyrkje-båt,
som folk kunne sigla på frå og åt.

Og munnen han brukte te mala korn,
og øyro han gjorde til tutar-horn.

Av augo så gjorde han stoveglas
og nakken han sette på kyrkja til stas.

Og den som kje kråka han nytta så,
han er ikkje verd ei kråka å få.


        

Folkevise fra Hardanger

Kråkevisa også kalt Mannen og kråka, Bonden og kråka eller Den store kråka er en folkevise av den typen vi kaller middelalderballade. I TSB-katalogen har den typenummer TSB F 58. Visa er også kjent i Danmark, Sverige og på Færøyene.

I Norge er den en av de mest utbredde folkevisene. Norsk visearkiv har registrert nesten hundre tekstvarianter og over 75 melodier. Landstad har trykt to ganske korte varianter i Norske Folkeviser fra 1853. Den eldste kjente varianten finnes i et dansk skillingstrykk fra 1600-tallet